mainBack
registrer
Om Planlegging Innhold Aktivitetar Gudstjeneste Kommunikasjon og presse

Spesielt til bolk 10: Kyrkjekaffi


Kyrkjekaffi med Tårnagentpreg og Tårnagentkake (= ei enkel, men tøff iskake som tek 10-15 min. å lage!)

Tårnagentkake:
Du treng eit stort brett, aluminiumsfolie, nokre boksar med is, ei flaske sjokoladesaus eller topping med annan smak, is-kjeks. Ev. seigmenn og flaggermus i vin-gummi som pynt.

Snu to isboksar (2-liters boksar) på hovudet, legg dei ved sida av kvarandre på eit brett kledd med aluminiumsfolie. Ha boksane nokre sekund under varmt vatn, slik at isen slepper boksen. Set ev. ein tredje boks oppå den eine, då kan ein få ei slags is-kake med form som ei kyrkje. Ta på saus/topping i det mønsteret du ønskjer (spindelvev-møster kan vere tøft), over heile iskaka. Bygg eit tårn av is-kjeksa  opp–ned på kaka, slik at is-kjeksa dannar eit høgt tårn. Nokre seigmenn kan ev. danne agentar som sit oppi tårnet, eller er på veg til å klatre opp i tårnet av is-kjeks. Seigmennene kan festast til is-kjeksa med litt tjukk melisglasur.

 

 
Utskriftsvennlig versjon







Språk:




 
logoDNK logoStorts logoNSSF
Den norske kirke - Kirkerådet, Ansv. redaktør: Trude Evenshaug
Søndagsskolen. Ansv. redaktør Gøran Byberg